Nettavdelinga

Nettavdelinga består av 11 årsverk. Avdelinga har ansvar for opprusting, nybygging, drift og vedlikehald av fordelingsnettet.

Innmating til Fusa Kraftlag er på 66 kV linje frå SKL Nett AS, med transformering til 22. kV fordelt på fire transformatorstasjonar, Stussvik, Sævareid, Eikelandsosen og Fusa.

Nettavdelinga

Transformatorstasjonane er også samankopla på 22 kV nivå, slik at om ein transformatorstasjon fell ut kan ein forsyna denne via 22 kV nettet.

I tillegg til dette er det ein kraftstasjon i Eikelandsosen på 30MW med ein normalproduksjon på ca. 60 GWh. SKL Produksjon AS eig og driv kraftstasjonen.

Kraftsystemet i Fusa er bygd opp med 22 kV kabel- og luftnett med ei totallengde på 173,0 km fordelt på 208 nettstasjonar.

Nettet i Fusa har derfor ingen spesielle flaskehalser, og nettet har dermed tilfredsstillende kapasitet i normal driftssituasjon. Det er heller ingen kapasitetsproblem knytt til transformering i transformatorstasjonane.

Nettet i Fusa har i dei seinare år vore gjennom ei vesentlig opprustning, og har difor hatt ein del varsla avbrot knytt til dette arbeidet.

Det er også planlgt re-investeringar i åra som kjem. Nettet si utforming og tilstand er likevel no så bra at leveringskvaliteten kan reknast for å vere god.