Det Lokale Eltilsyn

Det Lokale Eltilsyn - DLE

Fusa Kraftlag SA er i fylgje Tilsynslova pålagd å føra tilsyn med elektriske anlegg i vårt forsyningsområde som er Fusa Kommune. Dette vert ivareteke av Det lokale eltilsyn (DLE).

DLE er ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerhet og utfører tilsyn på vegne av Direktoratet for samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB).

DLE skal utføra tilsyn iht. Forskrift om lokalt eltilsyn og årlege instruksar frå DSB. DLE utarbeidar årleg ein tilsynsplan og ein sluttrapport på utført arbeid, begge skal godkjennast av DSB. DSB utfører årleg tilsyn hjå DLE.

DLE sine arbeidsoppgåver omfattar blant anna kontroll av elektriske anlegg, tilsyn med verksemder sitt internkontrollsystem knytt til elektriske anlegg og tilsyn med elektroverksemder.

Kontrollen/tilsynet er gratis for kunden.

DLE skal også aktivt informera om elsikkerhet til ulike grupper i samfunnet. Fusa kraftlag har samarbeid med brannsjefen i Fusa kommune om undervisningstilbod til alle 6. klasse elevane i kommunen om brann og elsikkerhet. Elevane på 9. klasse trinnet får kvart år tilbod om å reisa på Vil Vite senteret i Bergen og delta i opplæringsprogrammet Kraft og Spenning. Vidare utfører DLE informasjonsmøte med heimetenesta i kommunen, installatørar og montørar.

Ved behov for bistand ved brannetterforsking er det sett ned eigne grupper innanfor DLE-regionane for å handtera dette, då ein er avhengig av spesialkompetanse, lokalt DLE har oversikt over medlemmar i desse gruppene og etablerer kontakt mellom desse og brannvesen og politi ved behov.

Det Lokale Eltilsyn


Målet med tilsyns- og opplysningsarbeidet til DLE er å redusera talet på skader og ulukker forårsaka av elektrisitet.

DLE-ansvarleg i Fusa Kraftlag er: Tove Hjartnes Fosså.

Spørsmål vedr rapporter, kontroller osv kan rettast til post@nett.fusa-kraftlag.no, tlf: 56 58 00 40.